Nigeria er Afrikas mest folkerike land, og det åttande mest folkerike i verda med vel 230 millionar innbyggjarar. Landet utgjer vel 250 ulike etniske grupper, religiøst er landet del mellom det muslimske nord som utgjer vel 50% av folketalet, og det kristne sør som utgjer over 40%. Dei fleste kristne tilhøyrer ulike protestantiske retningar, men vel 12% er katolikkar. Den katolske kyrkja i Nigeria er levande og aktiv med mange nye prestekall. Dette trass i eller kanskje utløyst av brutal forfølging av ytterliggåande islamistiske grupperingar. Nigeria er det landet i verda som har flest kristne martyrar. Katolikkar i Nigeria er også mellom dei mest ivrige når det gjeld å praktisera trua si. Kyrkja har vel 4000 sokn, 9500 prestar og 6500 ordenssøstre. Landet har mange presteseminar og ei rekkje klosterordenar er aktive i landet.
I 1998 vitja pave Johannes Paul landet og saligkåra då landets første helgen, trappistpresten Michael Iwene Tansi ( 1903-64). Han vart fødd i 1903 i landsbyen Igboezunu i det søraustlege Nigeria. Familien høyrde Ibostamma og praktiserte stammas tradisjonelle religion, noko som fekk katastrofale følger i det ein medisinmann dømde Iwenes mor til døden for hekseri. I og med at faren også døydde tidleg vaks han opp hos slektningar og gjekk der på katolsk skole. Han vart døypt av irske misjonærar og fekk dåpsnavnet Michael. Han var ein flittig elev og kvalifiserte seg til lærar og var det fram til 1925 då han kjente prestekallet og begynte på seminaret. Han vart prestevigd i 1937 og verka som meinighetsprest i ulike sogn fram til 1950. Ein av hans katekumener var Francis Arinze som Michael døypte og gav førstekommunion og fermingas sakrament. Han vart seinare erkebiskop og kardinal og mogleg pavekandidat. Michael var ein oppofrande prest som sjølv levde asketisk, men såg rike frukter av sitt arbeid.
I 1950 tok Michaels liv ein ny retning. Biskopen såg for seg at ein kunne bygga opp eit kontemplativt kloster i bispedømmet og Michael som lenge hadde sett for seg eit klosterkall meldte seg. Han vart sendt til trappistklosteret Mount St. Bernhard og fekk klosternavnet Kyprian. Han avla sine evige løfter i 1956, og levde dei neste åra eit stille klosterliv. Planen var at han skulle tilbake til Nigeria for å grunnlegga eit kontemplativt kloster, av ulike grunnar gjekk dette ikkje og klosteret vart lagt til nabolandet Kamerun. Det var eit hard slag for den fromme munken som etter kvart hadde fått eit ry som ein heilag mann. Dei neste åra forverra hans helsetilstand seg, og han døydde 20. januar 1964 av eit aortaaneurysme. Biskop Arintze tok initativ til å samla dokumentasjon om Michael, og i 1986 vart ein prosess mot saligkåring formelt begynt. Etter at ei ung nigeriansk kvinne med kreft på mirakuløst vi vart frisk tilskreve Michaels forbønn var vegen open for saligkåring. Pave Johannes Paul saligkåra han 22. mars 1998 under si vitjing i Nigeria. Landet fekk dermed sin første helgen.
Nigeria har som nevnt mange martyrar, ein av dei er den unge jenta Vivian Uchechi Ogu f. 1.april 1995. Ho var ei aktiv og from jente som var aktiv i den lokale menigheten mellom anna i kor og som president i den lokale Holy Childhood Association. I november 2009 vart ho og søstera bortført og forsøkt valdtekne, Vivian sette seg til motverge og vart drept, søstera lukkast i å unnsleppa takka vera Vivians motstand. Det vart teke initativ til ein saligkåringsprosess etter eit par år og i 2023 vart den formelt starta og ho vart erklært som Servus Dei - Guds tjener.
Foto: Mount St.Bernhard Abbey












